Dirigenten
Øystein Herfindal vaks opp i eit godt musikalsk miljø på Evanger i Voss. Han var der aktiv i både korps, storband og symfoniorkester. Først som kornettist, men siden september 1993 som trombonist.
Utdanning vart det ved Voss gymnas musikklina, Toneheim folkehøgskole og Griegakademiet i Bergen.
Herfindal fekk jobb som basstrombonist i Gøteborgsmusiken/Svenska flygvapnets musikkår i 2001. Han kom til Trondheim og Luftforsvarets musikkorps i 2009.
I 2012 gjorde Herfindal Norgespremiere på Johan de Mej sin basstrombonekonsert Canticles med Musikkforeningen Nidarholm i Olavshallen med komponisten sjølv som dirigent. Han har ellers som musiker jobba med bl.a. Bergen filharmoniske orkester, Trondheim symfoniorkester, Den Norske Opera og Gøteborgsoperan.
Instruktør og dirigentkarriera starta i 1999 i Krohnengen skoles musikkorps, og i 2006 dirigerte han Liland/Hjellestad skolekorps. Etter returen frå Sverige har han vore dirigent i Buvik skulekorps i 3 år, og elles vore mykje nytta som instruktør i bl.a. Musikkforeningen Nidarholm.
Andre dirigent prosjekt i Trondheim inkluderer konsert med Trondheim politis brassband, Zappa/Queen prosjekt med Ila brassband, og Filmmusikk konsert med Melhus janitsjar.
Herfindal er og tilknytta NTNU-institutt for musikk som basstrombonelærar.